SYKKELTUR, BADING OG OTC
Helga har vore full av program.
På søndag var det konfirmasjon i Sjømannskyrkja. 24 flotte konfirmantar!
Så då var det fullt hus med iallfall 280 mennesker. Etter gudstenesta var det lunsj og kaker til gjestene. Veldig kjekt å få være med å lage til for folk er så fornøgde og takknemlige.
Oddbjørn og borna drog på stranda etter gudstenesta.
I dag, mandag hadde vi begge fridag. Så då heiv vi syklane baki pick-up'en, ungane inni og køyrde dei til skulen. Så før kl åtte sat vi på sykkelsetet. No byrjar det å bli skikkeleg varmt, synes vi då, så fysiske utskeiingar må gjerast enten morgon eller kveld. Vi fann ein flott grusveg som gjekk gjennom kratt og skog, samtidig som den gjekk ved sidan av ein stor bilveg. I dag såg vi kaninar og ekorn som sprang over vegen. Oddbjørn har tidlegare sett både rådyr og slangar her. Så det er landlig sjølv om vi er i ein storby.
Oddbjørn har endeleg funne ein sykkel som han ville ha. Han kjøpte seg nemlig ein først, som var litt for liten, men passa perfekt til meg. Så her er han ute og trimmar kåno...
I dag har det nok vore 30 grader, men det skal no visst bli opp i 40 grader seinare på sommaren. Vi må bare venne oss til det. Så langt har vi nytt det!
Når ungane kom heim frå skulen var det middag og så dessert på terassen hos naboen. Så bar det i bassenget.
Jakob har lært seg å symje!
Iallefall under vatn. Vi må passe litt på han for han trur han kan symje heilt og hoppar uti på djupet, han finns ikkje redd. Men det er jo gøy då.
Full fart i bassenget. Det var veldig gøy å hoppe gjennom ein gummibåt utan bunn.
Og så er det alltid gøy år dei vaksne er med og herjar og leikar i bassenget.
Klar ferdig gå!
OTC
Sist veke var det ei av verdas største oljemesser her i Houston. Mange hundre nordmenn kom til byen for å være med på den. Sist søndag hadde vi fullt hus med OTC folk på gudstenesta her.
I den norske paviljongen har Innovasjon Norge i samarbeid med Sjømannskirken ei kafeteria der det blir servert deilige smørbrød og norske kaker. Inntekten av all kakesalget går til Sjømannskirken. i dei fire dagane messa varer er over 40 norske kvinner med og baker og serverer i kafeen. Tusen takk til Tove som har gjort ein kjempejobb å administrere alle desse damene og all kakebakinga. 1400 kakestyker vart solgt i år. Kari og eg frå Sjømannskirken var med den siste dagen og plukka då med oss alt utstyret som var vårt. Masse kakefat,boksar, kakespader osv. Dei andre dagane var vi heime og baka og pynta kaker. Vi leverte 30 suksessterter, 7 store langpannebløtkaker og 12 heimelaga karamellpuddingar. I tillegg var det mange frivillige som hadde baka kaker som dei hadde med. Veldig gøy å være med på og mykje pengar til Sjømannskirken.
Og så fekk vi to heilt nye kvite sofaer av eit norsk selskap. Dei hadde brukt dei i fire dagar på standen sin og lurte på om Sjømannskirken ville ha dei. Folk har eit veldig positivt forhold til Sjømannkirken, og mang ynskjer å bidra.
Wow, Wow, wow! Eg må smile for meg sjølv her eg sit. Speider ut på regntung maidag med 5 grader +. Eg synest det er så fantastisk moro at det fins folk som deko. De hiv deko utpå og får oppleve sååå mykje fantastisk! For verda der ute er jo rett og slett fantastisk.
SvarSlettSå kjekt at de er med på så mykje forskjellig! Såg artig ut med sykkeltur der uti bushen! Høyres ut som de har det travelt, både med det eine og det andre. Spennande jobb du har då! Lykke til vidare! Nyt varmen. Heime skimtar vi litt grønfarge på trea, men sludd, hagl og snø set ei bremsa på sommaren.. Nyt livet og kvarandre! Helsingar frå Ann Kathrin inni fjorden og ein grøn-av-misunnelse-mann! :) Tjihi...
Du e no god Ann Kathrin, ta dykk ein tur då vel!Klem Karianne
Slett