DAVID 8 ÅR!
Tenk no har denne flotte guten blitt 8 år!
Og førstemann i familien som som fekk feire bursdagen sin i Houston.
Etter berre fire dagar på skulen fekk David kake med seg for å feire bursdagen sin på skulen. Vi laga ei norsk sjokoladekake med seigemenn som vi kjøpte i den norske butikken på Sjømannskyrkja. Dei er 15 stykker i klassen, så heile kaka forsvann.
På sjølve bursdagen våkna vi kl seks av småprat. Då låg alle tre ungane i senga til Anna og kosa seg. Ho har ei veldig brei seng, så det er god plass. Men så sprang David inn i si seng i håp om at han kanskje skulle få ei overrasking. Då vanka det god drikke og godteri, som var det han hadde bestilt. Og så var det jammen nokre gåver til 8-åringen og! David er storfornøgd.
På sjølve dagen reiste vi til San Antonio og Sea World.
Mandag ettermiddag var det bursdagsfest saman med alle dei andre som bur her på Sjømannskyrkja.
Det er 8 barn og 8 vaksne. Litt færre enn vi pleier å være heime i Norge, men det vart ein kjekk ettermiddag.
Menyen bestemte David, og då vart det sjølvsagt hamburger og hot dog med tilbehør.
Ettterpå var det kaker og is.
Tradisjon tru arrangerer Anna sporløp for brødrene sine når dei har bursdag.
Postane var å treffe blink i bøtta,
få mest mulig vatn i ei bøtte ved å bruke vannpistol, og så var det stafett!
Alle måtte være med, både store og små!
Takk Anna, du er kjempeflink!
PINJATA.
Sjølvsagt måtte jubilanten få ein pinjata som var fylt med snop!
David står først i køen, klar til å slå med sin nye bat!
8-åringen var så sterk at han slo hol på pinjataen på første slaget. Men alle måtte slå for å få alt snopet ut.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar