FØRSTE SKULEDAG
PÅ
FIRST BAPTIST CHRISTIAN ACADEMY
I HOUSTON!
Anna bloggar!
Her står vi reiseklar:)
No skal vi på skulen (eg er litt nervøs)
No et vi frukost. nam nam
Her er Jakob,
David,
Og her er meg.
No går vi med Pappa til skulen. Alle er litt spente.
Her sit eg i klassen min. Ho til høgre heiter Anna, og ho på tuppen av bordet heiter Jennye og ho som sit foran meg heiter Adelye:)
David bloggar!
Hei eg heiter David og her er eg i det nye klasserommet mitt
og skal akkurat begynne min første time i Texas.
I begynnelsen av timen får eg noken tegneark
No kjem Jakob ilag med Alfred. Han hoppar og dansar hi hi hi:)
Då Jakob kom på skulen fekk han male, det liker han kjempegodt.
Karianne bloggar!
Som de kanskje kan sjå av bilder og tekst, så gjekk den første dagen på skulen kjempefint.
Anna sa så fint då ho kom heim; - Det er nesten som eg gleder meg til i morgon, men bare nesten altså!
First Baptist Christian Academy er ein privatskule med 380 elevar frå barnehage til vidaregåande. Så det er små klassar med litt over 15 elevar i kvar klasse. Små og oversiktlige forhold med lærarar som birkelig bryr seg og ikkje veit kva godt dei kan gjere for elevane.
Då vi kom på skulen hadde fleire av lærarane og rektor skaffa seg ein app på iphonen sim med eit norsk oversetjingsprogram. Det var visst aktivt i bruk iallefall i Anna sin klasse i dag.
David hadde kanskje den største utordinga i dag, åleine i 2.kl. Men han kom heim med mange oppgåveark han hadde gjort. Eg lurte på korleis han hadde fått det til, jo han skjøna kva læraren sa for ho brukte kroppen og stemma! -Dessutan skjøna eg kanskje hundre, eller 91 ting i dag! Etter første dag er han optimist, og det er jo ein god start.
Jakob går no saman med ein Alfred som og bur her på sjømannskyrkja med oss. Dei er gode vener og Alfred hjelper Jakob med alt han treng å vite. Så då vi fulgte Jakob inn i dag, hadde han ikkje tid til å seie hade til oss ein gong. Han byrja no i kindergarden, men skal mest sansynleg byrje der til hausten også. KG er vel det som tilsvarer norsk 1.kl.
I går skreiv vi lappar med viktige setningar dei kunne få bruk for i løpet av dagen. Der sto det både på engelsk og norsk, og så kunne dei vise det til læraren ved behov. Det var eit godt tips Anna fekk frå ei anna norsk jente som kom for halvanna år sidan. Ein liten trygghet på ein spanande dag. Då dei kom heim heiv dei lappane, for dei hadde dei ikkje hatt bruk for, og tvilte på at dei nokon gong kom til å få bruk for dei.
Eit godt teikn!
Då Oddbjørn henta dei stoppa dei på MC Donald og markerte at no er vi i gang. Då vart det både happy meal, is og masse leik. Då dei kom heim var dei i godt humør, men det var tydeleg mykje energi som skulle ut. Plutselig høyrde eg eit forferdelig bråk i 2.etasje og då var det 4 gutar som hadde skikkeleg putekrig. Eg sendte dei ut for å sykle, men like etterpå hadde dei fortsatt putekrigen hos naboen. På nytt vart dei sendt ut, og saman med fedrene laga dei dragar som dei flaug med.
I dag har det vore skikkeleg uvêr her, med masse regn, lyn og torden. Vi kan tydeleg sjå lyna som fer over himmelen i eitt sett. Men no i ettermiddag var det opplett. Fint med litt regn av og til, då blir det så grønt og fint, og mykje fine blomar.
Privatskule.
Mange vil nok synes det er litt morsomt at eg har borna mine på ein kristen privatskule, for eg er kanskje ikkje den som har gått i front for slike skular tidlegare. I prinsippet tenkjer eg framleis at det ideelle er å gå på ein nærskule saman med resten av borna i nabolaget.
Men vi fann vel ut at vi måtte stole på dei som har valgt vekk den offentlige skulen her i nabolaget og satsa på denne privatskulen. For å seie det slik, så er det veldig flott her vi bur, men det er ikkje byens beste strøk. Fekk akkurat forklart i dag at ein eller annan form for eiendomsskatt er med på å finansiere dei offentlege skulane. Det vil seie at der rikfolket, med store fine hus bur, også får meir pengar til dei offentlege skulane. Så då er det slik at på eine sida av by`n er det veldig gode offentlege skular og på andre sida av by`n er same skulen ikkje så mykje å skryte av. Så derfor privatskule på oss no.
Uniformar
Som de ser på bileta er det uniform på skulen, og med ulike antrekk ulike dagar.
Mandag, tysdag og torsdag kan dei ha raud, grøn eller blå pikè-trøye og mørkeblå eller beige shorts. Hvis det er kaldt kan dei ha mørkeblå langbukse.
Onsdag er det Chapel-day, så då er det grønrutete skjorte og langbukse, uansett temperatur!
Fredag er Casual day, så då er det ei spesiell skule t-skjorte og dongeribukse, -shorts eller -skjørt.
Anna har nesten likt, men kvit skjorte og rutete skjørt om onsdagen.
Ungane synes det er stas med uniform, og så slepp vi nokon diskusjon om morgonen om antrekk.
Eg sjølv brukte jo og uniform når eg gjekk på skule i Ecuador, så for meg er det jo litt nostalgi med i bildet.
Men dei er strenge på at alle plagga må kjøpast på ein spesiell Parker uniform butikk. Det er ikkje lov med nokre billigare kopiar. Så for å seie det sånn så gjekk det nokre tusenlappar bare for dette dei treng no framover. Til hausten må vi kjøpe litt meir til vinteruniformen, dvs langbukser og gensarar.