torsdag 12. april 2012

JP MORGAN CHASE TOWER

I dag har Jakob, David, Anna og Oddbjørn vore oppe i det høgaste huset i Houston.
Det var stor stas og veldig god utsikt. 
Bygningen har 75 etasjer og er 305,41 m høg. 
Det er den høgaste bygningen i Texas og den høgaste 5-kanta bygningen i verda!









I år vart det ein lang og god påskeferie for ungane. Planen var at dei skulle ha byrja på skulen 9.april. Då vi besøkte skulen den første veka vi var her fekk vi beskjed om at skulen ville at dei kom ei veke seinare. Grunnen var at dei har ulike testar heile denne veka, og då var  det jo ikkje så mykje vits at dei satt der og ikkje skjøna nokon ting. 
Så då må vi finne på andre ting. Medan eg jobbar aktiviserer Oddbjørn seg sjølv og ungane. Han er sjukemeld ut månaden på grunn av at han hadde ein operasjon i skuldera veka før vi reiste. Det passar jo igrunnen fint no når skuleferien vart så lang.


Dei har vore ein tur i dyreparken. Det var veldig kjekt.



og så badar dei mykje i det flotte bassenget på sjømannskyrkja. Det har dei stort sett for seg sjølve.



Den dagen bassenget vart reinsa herja dei og leika i vannspredaren. Gøy det òg!


Galvestone er ein by som ligg ved Mexicogulfen, der er det flotte strender. Den første lørdagen reiste Oddbjørn og ungane dit saman med Fredrik, Alfred og Thea som og bur her på Sjømannskyrkja. Det tar ca ein time å køyre dit. Det var jo deilig med sol og varme då vi kom frå Norge, og Oddbjørn var ikkje så flink å smørje seg... For å seie det sånn har han skifta hud på ryggen etter den turen...

Så har vi ei strand det berre tar 20 min å køyre til, og der fekk eg og være med i helga. Eg synes det var fint der,  og så deilig at det ikkje er så langt å køyre. Då går det an å ta ein tur og ikkje bruke heile dagen. Men det var visst mykje større bølger i Galvestone, og det er jo gøy.



PÅSKEFEIRING
Påska har vore ei travel tid for min del, med mange arrangement og gudstenester og matlaging på kyrkja. Veldig kjekt å treffe mange hyggelige menneske. Vi har kosa oss heime med eit kjempestort påskeegg fullt av snop som vi fekk med oss frå Norge. Vi har mala påskeegg og hengt opp på nokre kvister som vi fann ute. Men det kjekkaste var jo å få være med på den amerikanske tradisjonen med "Egg-hunt". Då gøymer dei hundrevis av plastegg med litt snop i rundtomkring på heile kyrkjetomta. Alle borna må ha med seg korger som dei skal plukke egga i. Ungane har kjøpt seg kvar si. Så åpner dei dørene og alle borna spring ut og fyller korgene sine med egg. Det var veldig gøy. Ein artig tradisjon som vi nok må ta med oss heim att til Leknes! 





1 kommentar:

  1. Gøy at dere blogger!! Her er en som kommer til å følge ivrig med. :)

    SvarSlett