Ja då er vi vel framme i det som skal være vår nye heim i Houston, Texas dei neste tre åra. Vi har blitt tatt vel imot av både store og små på Sjømannskyrkja. Borna kosar seg med bading i bassenget og syklar rundt på dei nye syklane sine. Innimellom må dei være med på handleturar, det er mykje som skal i hus når ein er heilt ny. Det er ikkje bare enkelt å finne fram i desse megastore butikkane som har alt mellom himmel og jord. Men det går seg nok til. I dag har vi vore på besøk på skulen der borna skal gå og dei har fått møte klassekameratane sine. Det er enno to veker til dei skal byrje på skulen, grunna testing-week på skulen. Det var eit positivt møte med skulen, men dei er sjølvsagt veldig spente, spesielt med tanke på språket. På lørdag har eg min første dag på jobb, og då blir det grautkoking, brødbaking og vaffelsteiking. Gleder meg til å treffe nokre av dei menneskene som bruker Sjømannskyrkja. Oddbjørn og borna drar på stranda. Om kvelden har Oddbjørn fått tak i billetter til seg og gutane til eit stort supercrossløp i Houston.
Gitt kven som gleder seg mest?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar