tirsdag 13. november 2012

Gutta på skating!




  Ikkje så veldig mykje fin natur her i Houston ,
men da e no litt stiligt med skyskrapara og. 


 Flyshow

For nokere helger sidan var me på flyshow på Arlington militerflyplass
som er 10 min kjøring frå oss.








Lone Star Rally

Same helga som Julemarkedet var det et stort mc treff i  Galveston (1t kjøring herifrå)
Det var litt travelt her då men eg fekk meg ein tur innom på Lørdags kvelden.
Dei rekna med at det var ca 500 000 innon i løpet av treffet.





Det var mest Harlyer der, men her er nokon litt ombygde hyabusaer.



Og skulle det gå gale so e da betryggjande å veta at ein kan få ein anstendig tur til gravplassen.



torsdag 25. oktober 2012



Klar for mitt første mc treff i USA





Var på eit CMA treff i helga:

Changing of the Colors Rally 

National Event 
Location: Iron Mountain 
Hafield,  Arkansas 



Her fekk eg vere med på åpningen av det nye multipurpose bygget til CMA.
Eit kjempefint bygg med  flott kapell kontorer lydstudio/multimediarom
konferanserom og mange flotte kontorer.





Har ikkje så mange bilde frå treffplassen,men her er et frå oppstillinga til paradekjøring 
Har aldri sett så mange trehjulingar, 
det må ha vore minst 100 ombygde Harlyer og Goldvinger.
(det var ca2800 på treffet)



Det var 63 mile å kjøra og når eg syntes eg hadde kjørt langt 
(eg kjørte opp på torsdag og heim på søndag)


Så var det enda langt igjen...


Men eg hadde ein fin tur på lørdag frå ein liten by som heiter
 Mena og gjennom ein nasjonalpark til nabostaten Oklahoma.
Her var det både svingar og opp og nedoverbakkar.









Har og fått lufta krossaren litt, på ei bane 35 min kjøring sør for Houston.
Er endå litt varmt her men det kjem seg snart..













mandag 15. oktober 2012



JULEMATEN ER I HUS!

Første helga i november er det Julemarked her på Sjømannskyrkja. Årets største happening og viktigaste inntekstskilde for kyrkja. Då kjem det fleire tusen menneske innom kyrkja i løpet av tre dagar. Dei vil m.a.ha norsk julemat, norske kaker og smørbrød og norsk julepynt og håndarbeid.


I ettermiddag, akkurat når vi hadde satt oss til middagsbordet banka det på døra og alle måtte kome og hjelpe. No kom bilen med julematen og den måtte på kjølen og frysen så fort som mogleg. Så då måtte både store og små hjelpe til. 
   
Kasser på kasser med pinnekjøtt, laks, lutefisk, medisterpølser, medisterkaker, reker, svineribbe, rullepølser og mykje anna godt. Alt dette sel vi i butikken vår.

Som de skjønar, det er ikkje synd på oss. Vi får tak i det meste vi skulle ha bruk for til jul. 
Eit litt anna utgangspunkt for å kunne feire norsk jul her i Houston enn eg har hatt i f.eks Bangladesh og Ecuador. Men maten er jo ikkje alt, og så er det jo gøy å få med seg litt nye Amerikatradisjonar.


søndag 30. september 2012

 No har han far vore ute og handla litt..

Først vart det ein BMW R1100S  2000mod








 Så ein Chevrolet Conversion Van 2005mod
(betryggjande med alt det glitteret når ein skal kjøpa bruktbil....)



Med baksete som kan verta til seng.




Og til sist ein Kawasaki KX250f  2011mod


Så no skulle det vera klart for litt morro!




torsdag 6. september 2012



BACK IN TEXAS!

Her kjem endelig ein rapport frå oss i Texas. Det er no over ein månad sidan vi kom tilbake, men vi har ikkje fått lagt ut noko på bloggen før no. Det kjem ein haug med bilder og nokre få kommentarar. Så det er nok meir interessant for nokre enn for andre.
Vi hadde nokre fantastisk fine veker på ferie heime i Norge, men det var kjekt å kome tilbake og.  Sjølv om vi ikkje har vore her så lenge, var det godt å kjenne at dette er heime no. Det er her vi har tinga våre og det er her vi skal være nokre år framover.

COWBOYS!
Borna ville sjølvsagt ha boots og hatt, noko som er sjølvsagt i Texas. Så noko av det første vi gjorde var å dra på Cavenders, ein butikk med alt du måtte ønske deg av ulikt cowboyutstyr. Og her fekk dei velge seg boots og hatt etter eige ynskje! Så då vart det svarte, spisse og med mønster. Skikkelig kule!






Jakob vil helst gå med den heile tida...



Anna sin kommentar til David sine nye boots: 
" Eg hadde aldri trudd at du ville kjøpe deg spisse høghæla sko".





Så gjekk turen til Texas Roadhouse og skikkelig biff!
Her saman med familien Fosse som var på ferie, men som har budd på sjømannskyrkja tidlegare.



Anna prøver seg på skikkeleg Texasmat. Biff med bakt søtpotet med marshmellows!
A lonesome cowboy!

YOGHURT IS!
Yoghurtis er blitt den nye favoritten.



 Tenk å få forsyne seg så mykje ein vil og velge blant nesten tjue ulike smakar.
Og så toppe det med det du måtte ønske av frukt, snop og strø.






  




SUMMER SCHOOL!

Her har skulane 3 månader sommerferie. Det kom litt overraskande på oss når skulen slutta i mai og ungane berre hadde gått på skulen i 6 veker. Så for at dei skulle få være i eit miljø der dei snakkar engelsk meldte vi dei på Summer School. Ferien vår var jo og slutt, så det passa fint at dei kunne være på summerschool nokre timar kvar dag. I byrjinga hadde dei ikkje så lyst, for dei kjende jo ikkje nokon. Dessutan kunne dei, iallefall ikkje gutane noko engelsk. Men etterkvart syntes dei det var kjempekjekt og dei fekk mange vener. Dei hadde mange turar og utflukter, båttur, bading, og mykje meir. Det beste av alt var at dei måtte bruke dei dei kunne av engelsken sin. Slik vart dei og litt betre førebudde til skulestart.








UNITED WE STAND!

På Summer School øvde dei og på ein musical som dei framførte den siste dagen. Den handla om USA sine nasjonalsongar og historien bak dei. Dei var kjempeflinke og lærte seg mange av dei viktigaste najonalsonngane. Eg var imponert over alt dei hadde lært seg utenat. Å pugge og lære ting utenat, ja det kan dei her.








ETTERMIDDAG I HAGEN!

Det er jo alltid, nesten iallefall, fint ver her. Utfordringa er varmen. Så den kjekkaste tida å være ute på er enten tidleg om morgonen eller om ettermiddagen. 


David har kjøpt seg pil og bue og laga sin eigen blink.














TROPISK REGN!



Sommer i Norge: 12 grader og regn.
Sommer i Houston: 38 grader og regn.
Ingen tvil om kva som er mest behagelig.....



HEST!
Eit par hundre meter lenger nede i same gata som vi bur er det mange Longhorns (oksar med veldig lange horn) og ein stall med hestar. No har vi byrja å ta ridetimar hos ei veldig flink jente som heiter Jennifer. Så får vi sjå om dette er noko som dei har lyst til å fortsetje med. 


Her er klar for første ridetime. Kl.07.30! 
Vi må byrje tidleg, for seinare på dagen blir det for varmt både for folk og fe.






NYE NABOAR!


Vi har fått oss nye naboar i den andre delen av tomannsboligen vi bur i. Veldig kjekt å bli kjent med Ingrid og Kristian. Men den mest poulære er nok Sani, den kjempesnille hunden deira.




FØRSTE SKULEDAG!


Og s var det første skuledag nok ein gong. No med nye klassar og nye elevar. Men no kjende dei iallefall litt til systemet og visste kven lærarane var. Uniformane vart tatt på og vi stilt opp på skulen. Det er jo spanande  og mykje nytt. 

SKULEGUTEN VÅR!
Jakob har byrja i Kindergarten, som er første året på skulen her. Opplegget dei har her liknar på det dei har i 1.kl. i Norge. Så eg trur det skal bli kjekt for han. 
Det var ikkje heilt lett å forlate han det første skuledagen, og vite at han mest sannsynleg ikkje skjønar okon ting av det som foregår. Men det har gått kjempefint og han trives godt på skulen.



Vi er takknemlige for at det har gått så fint med alle tre no med skulestart. Det er ganskje mykje heimearbeid, både for store og små, no til å byrje med. Det som ikkje er blitt gjort på skulen, fordi dei ikkje skjøna noko, må gjerast heime, i tillegg til leksene. Ei utfordring å pugge lange bibelvers på eit språk du ikkje skjønar noko av. Men heldigvis tar dei det lettare en foreldra... vi prøver vi og...

BAKEDAG!
Ja, vi jobbar litt vi og. Vi har ikkje berre ferie, slik som nokon trur...


Eg kosar meg i jobben. Tenk å få bake kaker, rundstykker, lefser og anna godt i arbeidstida. Eg gjer litt andre ting og, men matlaging er ein stor del av jobben min.
Og så får eg prøve meg på mange ting som eg aldri har gjort før. Heldigvis er det mange frivillige som har lyst til å hjelpe. Så her har vi pynta ei marsipankake, det var visst første gong for oss alle...


I sommar tok eg eit lite lefsebakekurs hos mi flinke svigermor.
Så tromma eg saman nokre damer og vi har hatt ein lefsebakedag. Det blir nok fleire.


Lefsene blei kjempegode dei.
Så no skal vi prøve å produsere til salg på julemarkedet.



FLATBRØD




LUNSJ



BESØK PÅ KJØKKENET.





 RUNDSTYKKER


Eg har til og med blitt matskribent, i kyrkjebladet vårt Texasnytt!
Eg bruker jo ikkj alltid oppskrift, men måtte lage meg ei fordi så mange spurte etter den. 
Så her er rundstykka med cottagecheese og gulrot.