mandag 15. oktober 2012



JULEMATEN ER I HUS!

Første helga i november er det Julemarked her på Sjømannskyrkja. Årets største happening og viktigaste inntekstskilde for kyrkja. Då kjem det fleire tusen menneske innom kyrkja i løpet av tre dagar. Dei vil m.a.ha norsk julemat, norske kaker og smørbrød og norsk julepynt og håndarbeid.


I ettermiddag, akkurat når vi hadde satt oss til middagsbordet banka det på døra og alle måtte kome og hjelpe. No kom bilen med julematen og den måtte på kjølen og frysen så fort som mogleg. Så då måtte både store og små hjelpe til. 
   
Kasser på kasser med pinnekjøtt, laks, lutefisk, medisterpølser, medisterkaker, reker, svineribbe, rullepølser og mykje anna godt. Alt dette sel vi i butikken vår.

Som de skjønar, det er ikkje synd på oss. Vi får tak i det meste vi skulle ha bruk for til jul. 
Eit litt anna utgangspunkt for å kunne feire norsk jul her i Houston enn eg har hatt i f.eks Bangladesh og Ecuador. Men maten er jo ikkje alt, og så er det jo gøy å få med seg litt nye Amerikatradisjonar.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar