mandag 28. mai 2012



ALLIGATORPARKEN OG GRADUATION



Det finns mange flotte nasjonalparkar i og rundt Houston. Ein av dei er Brazos Bend State Park, eller Alligatorparken. Her er det mange flotte tur og sykkelstiar og mange vatn og sumpar. Her vandrar alligatorane fritt. Dei kan bli opp til fire meter lange.




Vi hadde syklar med og håpa å få sjå ein stor alligator. Det var veldig varmt, så etter ei mil var vi både varme og litt slitne. 


Vi måtte være litt forsiktige, for du tullar ikkje med ein alligator.
Vi såg fleire, både store og små som låg og duppa i vannkanten like ved stien. Men vi hadde høyrt mange spanande historiar om svære alligatorar som vandra på stien, eller låg tvers over. Så det var nok nokre som var litt skuffa for at vi ikkje fekk dei litt meir på tomannshånd :)
Kanskje var det for varmt, eller for kaldt, for seint eller for tidleg?? vel vi prøver igjen ein annan gong.


Her ligg det ein og duppar.




 Det var stas å få klappe på babyalligatorane. Denne er ni månader gamal.


Vi såg mange andre dyr.
Skilpadder.



Ulike typar fuglar.


Og rådyr.





 Vi hadde ein flott dag i parken. Her skal vi tilbake og sykle meir når det blir litt kjøligare, til hausten ein gong..


GRADUATION.

Når ein er ferdig med Kindergarten blir det markert skikkeleg. Vi var så heldige å få være med på to ulike markeringar på torsdag. Først var vi på skulen der Anna, David og Jakob går, First Baptist Christian Academy. Der var vi med på Alfred sin graduation. Imponerande kva desse 5-6 åringane hadde klart å lære seg utenat. Dei song og las i kor lange tekstar og heile salmar frå Bibelen. Etterpå fekk dei kapper på seg og det var høgtideleg utdeling av vitnemål.




Alfred.


Om kvelden var vi med på Graduation til Hanna og Thea som og bur her på kyrkja. Dei går i barnehagen First Friends.


Hanna.


Thea.

SOMMARFERIE!

Ja tenk, etter seks veker på skule her borte er det sommarferie allerede. Og no skal dei ha tre månader fri. Det er ei utfordring for folk, for dei fleste foreldre har ikkje feire meir enn to veker.


På lørdag var vi i kjempekoselegbesøk med grilling og bading. Takk til Jannicke, Gustav, Mari og Nora. 
Her er Anna og Nora.
Seinare på kvelden henta vi Kristine som skulle være med på overnattingsbesøk til Anna. Dei storkosa seg.


Jakob er heldig, for i nabohuset vårt bur verdens søtaste Sunniva på to år. Dei er like begeistra for kvarandre. Sunniva stikker stadig innom og spør; -kor e Jakob?
Her kosar dei seg i hengekøya. Bare så synd at om to veker flyttar dei heim igjen til Norge.


Og vi var så heldige å få låne tre naboungar på overnatting når foreldra skulle ut ein kveld.
Her er jentene, Hanna, Sunniva og Anna.


Og gutane, David, Jakob og Sindre.

No byrjar det å ligne litt på slik vi hadde det heime med ungar ut og inn av dørene og overnattingsbesøk.

mandag 21. mai 2012



FRED OVER ONKEL JOHAN
SITT MINNE!

Fekk akkurat melding om at min kjære onkel Johan døydde i natt norsk tid.
Han sovna inn med begge søstrene sine og Far (min) hos seg. Mor og Far kom frå Roma kvelden før og tante Marta frå Oslo nokre timar før han døydde. Det var godt at dei fekk være hos han dei siste timane.

Her i Houston er vi triste. Onkel Johan har betydd mykje for mange barn og unge i bygda, og ikkje minst for oss som var så heldige å ha han som onkel. Mange har jobba på gården hos han om somrane og det er ikkje få munnar han har metta rundt kjøkkenbordet sitt. Når eg var 17 år og resten av familien var i Ecuador, budde eg hos onkel Johan. Eg hadde det godt det året. Den einaste regelen han hadde var at eg skulle seie frå hvis eg ikkje kom heim om natta...Det vart mykje rangling det året!
Han laga mat og stelte godt med meg.



Han var alltid opptatt av korleis det gjekk med ungane og lyste opp når dei kom på besøk. Han likte å prate med dei og lurte på kva dei dreiv med.
Her er vi på besøk hos onkel Johan nokre timar før vi satte oss på flyet til Houston.
Vi gleda oss til å besøke han igjen i sommar.
No får vi glede oss over at vi fekk være ein del av hans liv og ta vare på dei gode minnene.




KVIL I FRED!

lørdag 19. mai 2012

David og Jakob på Mutton Bustin

(Sauerodeo)

David bloggar!
Når vi var på jordbærfestivalen fek vi og lov til å prøve å ri på sauar. Eg og Jakob fekk lov til å prøve. Vi mått veie under 60 pund, og det gjekk akkurat for meg. Anna hadde ikkje lyst. 
Vi fekk nummer på ryggen og og stilte opp saman med dei andre som skulle delta, Pappa var med oss. Det var mange sauar innanfor eit gjerde. Mamma og Anna satt og såg på.
Først var det ein liten gut, han datt av nesten med ein gong.
Så var det min tur.
Dei løfta meg opp på ein sau som var bak ein innhengning, så åpna dei porten og sauen sprang ut på bana.  


Eg tenkte at eg måtte lima meg til sauen, eg holdt armane rundt halsen på han og kneip fast med beina.
Sauen sprang ein runde, men eg datt ikkje av! Eg klarte å holde meg fast heilt til han sprang tilbake og vart fanga av cowboyane.

Sauen var mjuk og god, men han stinka...
Eg fekk 99 poeng, og vann! 


Jakob var og kjempeflink, han holdt seg fast så godt han kunne. Sauen var så vill at han heiv Jakob av, men han kom på tredje plass. Det er veldig bra for Jakob er egentlig veldig redd for sauar. I sommar gøymde han seg kvar gong han såg eller hørte ein sau.



Jakob stupte kråke baklengs når han datt av og alle klappa og jubla.


Vi fekk begge premie, eit flott trofè. Eg fekk cap's med "Champion Mutton Buster" på, og ei t-skjorte.



Dette var kjempegøy!
Håpar eg får prøve dette fleire gonger, men eg blir kanskje for tung snart.
Vil de sjå det på film klikk på linkane under.




David på rodeo
http://www.youtube.com/watch?v=TtqL0xS9I7w

Jakob på rodeo
http://www.youtube.com/watch?v=2tRQ2JBjVhY




17.MAI FEST PÅ SJØMANNSKYRKJA!

På sjølvaste dagen måtte vi jo og ha ei feiring, sjølv om vi hadde ei fantastisk kjekk feiring nokre dagar tidlegare. Ungane var heilt enige om at det var den kjekkaste 17.mai feiringa dei hadde vore med på. 
Men på 17.mai lengta vi jo litt heim og tenkte på at no skulle vi vore ilag med alle Angelskårane på frokost hos Besto og Besten, gudsteneste i Kapellet, tog til skulen og mykje morro der, og så avslutte dagen med rømmegraut med alle Toppane hos Mormor  og Bestefar.

Vi var 80 stk som kosa oss med rømmegraut, flott musikk, kaffi og kaker og koseleg selskap.


Og overraskande besøk av Anny frå Mundal! Veldig koseleg.



Og musikkanten i midten hadde jammen Nordhorlandsbunad på seg! Verda er ikkje så stor, så Håkon og vi hadde jo mange felles kjende.

Anna i sin nye bunad. Ein litt lettare variant enn nordhordlandsbunaden i ull.


Etter maten var ungne klare for bading! Her er dei i full fart heim for å skifte til badeklede.



Det vart visst mange is på ungane i dag og!


FUN DAY!

FOR jAKOB OG KINDERGARTEN. 

Jakob bloggar!



På fredag hadde vi ikkje vanleg skule, men ein gøy dag på skulen.


Her var det eit "Biler"-hoppeslott for gutane og eit prinsesseslott for jentene.



Vi fekk sukkerspinn, rosa eller blått, men det ville ikkje eg ha. Men Alfred i klassen min, han ville ha det. 
Eg ville ha blå slush!


Kul blåfarge, eller ka?


Vi fegg og køyr i traktortog. Det var gøy, men det gjekk ikkje nokke fort.


Hem er eg med vennenne mine Camdon og Alfred.




 Nokken store jenter malte oss på hendene, eller på kinnet.
Eg fekk ein baseball på kvar hånd. 
Det passa godt at det heitte Fun Day, for det var veldig gøy. Og så fekk eg fri resten av dagen.


PASADENA STRAWBERRY FESTIVAL!


Anna bloggar!


Her står vi foran verdens største kake! Eg synst den var litt veldig stor. 


Jordbær foran jordbær kake, nam nam. Dei jordbæerene var kjempe gode.  


Her er vi inni huset. 


Verdens største potet chips. Nesten alt hang ilag. Og eg spiste chicken on a stick!


Her kjøper pappa og David hamburger.


Her sklir Jakob ned sklia.


No har vi kjøpt ett kake stykke frå den kaka du såg i stad.