17.MAI FEST PÅ SJØMANNSKYRKJA!
På sjølvaste dagen måtte vi jo og ha ei feiring, sjølv om vi hadde ei fantastisk kjekk feiring nokre dagar tidlegare. Ungane var heilt enige om at det var den kjekkaste 17.mai feiringa dei hadde vore med på.
Men på 17.mai lengta vi jo litt heim og tenkte på at no skulle vi vore ilag med alle Angelskårane på frokost hos Besto og Besten, gudsteneste i Kapellet, tog til skulen og mykje morro der, og så avslutte dagen med rømmegraut med alle Toppane hos Mormor og Bestefar.
Vi var 80 stk som kosa oss med rømmegraut, flott musikk, kaffi og kaker og koseleg selskap.
Og overraskande besøk av Anny frå Mundal! Veldig koseleg.
Og musikkanten i midten hadde jammen Nordhorlandsbunad på seg! Verda er ikkje så stor, så Håkon og vi hadde jo mange felles kjende.
Anna i sin nye bunad. Ein litt lettare variant enn nordhordlandsbunaden i ull.
Etter maten var ungne klare for bading! Her er dei i full fart heim for å skifte til badeklede.
Det vart visst mange is på ungane i dag og!
FUN DAY!
FOR jAKOB OG KINDERGARTEN.
Jakob bloggar!
På fredag hadde vi ikkje vanleg skule, men ein gøy dag på skulen.
Her var det eit "Biler"-hoppeslott for gutane og eit prinsesseslott for jentene.
Vi fekk sukkerspinn, rosa eller blått, men det ville ikkje eg ha. Men Alfred i klassen min, han ville ha det.
Eg ville ha blå slush!
Kul blåfarge, eller ka?
Vi fegg og køyr i traktortog. Det var gøy, men det gjekk ikkje nokke fort.
Hem er eg med vennenne mine Camdon og Alfred.
Nokken store jenter malte oss på hendene, eller på kinnet.
Eg fekk ein baseball på kvar hånd.
Det passa godt at det heitte Fun Day, for det var veldig gøy. Og så fekk eg fri resten av dagen.
PASADENA STRAWBERRY FESTIVAL!
Anna bloggar!
Her står vi foran verdens største kake! Eg synst den var litt veldig stor.
Jordbær foran jordbær kake, nam nam. Dei jordbæerene var kjempe gode.
Her er vi inni huset.
Verdens største potet chips. Nesten alt hang ilag. Og eg spiste chicken on a stick!
Her kjøper pappa og David hamburger.
Her sklir Jakob ned sklia.
No har vi kjøpt ett kake stykke frå den kaka du såg i stad.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar