tirsdag 1. mai 2012


MUFFINS FOR MAMA!

Tysdag 1.mai kl 07.00 var alle mødre på skulen invitert til frukost på skulen saman med borna. Så i dag sto vi opp kl. 06.00 for å være klare til frokost på skulen. Vel, med muffins på frokostmenyen må eg innrømme at vi gav ungane litt frokost før vi reiste heimefrå.

Vel framme kunne vi velge mellom blåbærmuffins, sjokolademuffins og banan og nøttemuffins. Til drikke var det sjokomelk, melk eller vatn.


Jakob er veldig fornøgd med menyen. Sjokomelka var veldig god!


Anna valgte sjokolademuffins.


Og David ville ha blåbærmuffins.


Vi sat saman med eit par jenter i Anna sin parallellklasse.
Mor til denne jenta synes at Anna og dattera hennar var så like. Ja brillene var til og med same farge!


Etterpå var det Book Fair!
Då kunne vi kjøpe masse engelske bøker. Det var alle mulige slags flotte bøker; faktabøker, forteljingar, aktivitetsbøker, kokebøker og mykje meir. Sidan det er dårleg med engelske barnebøker i bokhyllene våre fekk dei velge seg litt bøker. Hvis dei byrjar å lese i dei, er det vel investerte pengar.


Når klokka var 08.00 var frukosten inntatt, handlinga av bøker unnagjort og vi hadde klart å finne fram til alle tre sine klasserom. Så  då var vi klare for ein ny skuledag, på sjølvaste 1.mai!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar