FRED OVER ONKEL JOHAN
SITT MINNE!
Fekk akkurat melding om at min kjære onkel Johan døydde i natt norsk tid.
Han sovna inn med begge søstrene sine og Far (min) hos seg. Mor og Far kom frå Roma kvelden før og tante Marta frå Oslo nokre timar før han døydde. Det var godt at dei fekk være hos han dei siste timane.
Her i Houston er vi triste. Onkel Johan har betydd mykje for mange barn og unge i bygda, og ikkje minst for oss som var så heldige å ha han som onkel. Mange har jobba på gården hos han om somrane og det er ikkje få munnar han har metta rundt kjøkkenbordet sitt. Når eg var 17 år og resten av familien var i Ecuador, budde eg hos onkel Johan. Eg hadde det godt det året. Den einaste regelen han hadde var at eg skulle seie frå hvis eg ikkje kom heim om natta...Det vart mykje rangling det året!
Han laga mat og stelte godt med meg.
Han var alltid opptatt av korleis det gjekk med ungane og lyste opp når dei kom på besøk. Han likte å prate med dei og lurte på kva dei dreiv med.
Her er vi på besøk hos onkel Johan nokre timar før vi satte oss på flyet til Houston.
Vi gleda oss til å besøke han igjen i sommar.
No får vi glede oss over at vi fekk være ein del av hans liv og ta vare på dei gode minnene.
KVIL I FRED!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar