BACK IN TEXAS!
Her kjem endelig ein rapport frå oss i Texas. Det er no over ein månad sidan vi kom tilbake, men vi har ikkje fått lagt ut noko på bloggen før no. Det kjem ein haug med bilder og nokre få kommentarar. Så det er nok meir interessant for nokre enn for andre.
Vi hadde nokre fantastisk fine veker på ferie heime i Norge, men det var kjekt å kome tilbake og. Sjølv om vi ikkje har vore her så lenge, var det godt å kjenne at dette er heime no. Det er her vi har tinga våre og det er her vi skal være nokre år framover.
COWBOYS!
Borna ville sjølvsagt ha boots og hatt, noko som er sjølvsagt i Texas. Så noko av det første vi gjorde var å dra på Cavenders, ein butikk med alt du måtte ønske deg av ulikt cowboyutstyr. Og her fekk dei velge seg boots og hatt etter eige ynskje! Så då vart det svarte, spisse og med mønster. Skikkelig kule!
Jakob vil helst gå med den heile tida...
Anna sin kommentar til David sine nye boots:
" Eg hadde aldri trudd at du ville kjøpe deg spisse høghæla sko".
Så gjekk turen til Texas Roadhouse og skikkelig biff!
Her saman med familien Fosse som var på ferie, men som har budd på sjømannskyrkja tidlegare.
A lonesome cowboy!
YOGHURT IS!
Yoghurtis er blitt den nye favoritten.
Tenk å få forsyne seg så mykje ein vil og velge blant nesten tjue ulike smakar.
Og så toppe det med det du måtte ønske av frukt, snop og strø.
SUMMER SCHOOL!
Her har skulane 3 månader sommerferie. Det kom litt overraskande på oss når skulen slutta i mai og ungane berre hadde gått på skulen i 6 veker. Så for at dei skulle få være i eit miljø der dei snakkar engelsk meldte vi dei på Summer School. Ferien vår var jo og slutt, så det passa fint at dei kunne være på summerschool nokre timar kvar dag. I byrjinga hadde dei ikkje så lyst, for dei kjende jo ikkje nokon. Dessutan kunne dei, iallefall ikkje gutane noko engelsk. Men etterkvart syntes dei det var kjempekjekt og dei fekk mange vener. Dei hadde mange turar og utflukter, båttur, bading, og mykje meir. Det beste av alt var at dei måtte bruke dei dei kunne av engelsken sin. Slik vart dei og litt betre førebudde til skulestart.
UNITED WE STAND!
På Summer School øvde dei og på ein musical som dei framførte den siste dagen. Den handla om USA sine nasjonalsongar og historien bak dei. Dei var kjempeflinke og lærte seg mange av dei viktigaste najonalsonngane. Eg var imponert over alt dei hadde lært seg utenat. Å pugge og lære ting utenat, ja det kan dei her.
ETTERMIDDAG I HAGEN!
Det er jo alltid, nesten iallefall, fint ver her. Utfordringa er varmen. Så den kjekkaste tida å være ute på er enten tidleg om morgonen eller om ettermiddagen.
David har kjøpt seg pil og bue og laga sin eigen blink.
TROPISK REGN!
Sommer i Norge: 12 grader og regn.
Sommer i Houston: 38 grader og regn.
Ingen tvil om kva som er mest behagelig.....
HEST!
Eit par hundre meter lenger nede i same gata som vi bur er det mange Longhorns (oksar med veldig lange horn) og ein stall med hestar. No har vi byrja å ta ridetimar hos ei veldig flink jente som heiter Jennifer. Så får vi sjå om dette er noko som dei har lyst til å fortsetje med.
Her er klar for første ridetime. Kl.07.30!
Vi må byrje tidleg, for seinare på dagen blir det for varmt både for folk og fe.
NYE NABOAR!
Vi har fått oss nye naboar i den andre delen av tomannsboligen vi bur i. Veldig kjekt å bli kjent med Ingrid og Kristian. Men den mest poulære er nok Sani, den kjempesnille hunden deira.
FØRSTE SKULEDAG!
Og s var det første skuledag nok ein gong. No med nye klassar og nye elevar. Men no kjende dei iallefall litt til systemet og visste kven lærarane var. Uniformane vart tatt på og vi stilt opp på skulen. Det er jo spanande og mykje nytt.
SKULEGUTEN VÅR!
Jakob har byrja i Kindergarten, som er første året på skulen her. Opplegget dei har her liknar på det dei har i 1.kl. i Norge. Så eg trur det skal bli kjekt for han.
Det var ikkje heilt lett å forlate han det første skuledagen, og vite at han mest sannsynleg ikkje skjønar okon ting av det som foregår. Men det har gått kjempefint og han trives godt på skulen.
Vi er takknemlige for at det har gått så fint med alle tre no med skulestart. Det er ganskje mykje heimearbeid, både for store og små, no til å byrje med. Det som ikkje er blitt gjort på skulen, fordi dei ikkje skjøna noko, må gjerast heime, i tillegg til leksene. Ei utfordring å pugge lange bibelvers på eit språk du ikkje skjønar noko av. Men heldigvis tar dei det lettare en foreldra... vi prøver vi og...
BAKEDAG!
Ja, vi jobbar litt vi og. Vi har ikkje berre ferie, slik som nokon trur...
Eg kosar meg i jobben. Tenk å få bake kaker, rundstykker, lefser og anna godt i arbeidstida. Eg gjer litt andre ting og, men matlaging er ein stor del av jobben min.
Og så får eg prøve meg på mange ting som eg aldri har gjort før. Heldigvis er det mange frivillige som har lyst til å hjelpe. Så her har vi pynta ei marsipankake, det var visst første gong for oss alle...
I sommar tok eg eit lite lefsebakekurs hos mi flinke svigermor.
Så tromma eg saman nokre damer og vi har hatt ein lefsebakedag. Det blir nok fleire.
Lefsene blei kjempegode dei.
Så no skal vi prøve å produsere til salg på julemarkedet.
FLATBRØD
LUNSJ
BESØK PÅ KJØKKENET.
RUNDSTYKKER
Eg har til og med blitt matskribent, i kyrkjebladet vårt Texasnytt!
Eg bruker jo ikkj alltid oppskrift, men måtte lage meg ei fordi så mange spurte etter den.
Så her er rundstykka med cottagecheese og gulrot.
Eg er rett og slett mållaus her eg sitt og ser på alle bilda dine, og hjelpe meg så fantastisk mykje de og ungane får oppleva. Så mykje nytt, lærerikt og opplevelserikt på ein gong! De er nok den rette familien til å flytte bort der. Kjekt å prate med deg her heime i forbifarten, skulle gjerne ha kome nerom deko då de var heime, men desse dagane flyg jo avgarde... Lykke til vidare "over there", ta vare på kvarandre og nyt kvar ny utfordring. Dette veks ungane på, gitt!! Have fun!!
SvarSlett