SAN ANTONIO
Sidan vi hadde fri i helga, nytta vi høvet til å reise på tur. David hadde bursdag på lørdag, så vi måtte jo finne på noko som var kjekt for han. Dessutan var det jo vel verd å feire at første veka på skulen har gått over all forventning. Alle tre har gleda seg til å gå på skulen kvar einaste dag, og er glade og fornøgde når dei kjem heimatt. Takk til alle som har tenkt på oss.
Valget for turen vart San Antonio og Seaworld!
Her er Houston Downtown med Houston Skyline!
Her ligg og det høgaste huset i Texas, som Oddbjørn og ungane allerede har vore til topps i.
Her har eg køyrd!
For min del var det ikkje frivillig eg havna ut på der første gongen, det var skummelt.
Det er 5-7 felt i kvar køyreretning og i ganske mange høgder og. Men det er visst bare å kaste seg utpå, så går det seg til etterkvart. Oddbjørn er blitt god allerede.
San Antonio er den sjuande største byen i USA. Den ligg nesten 4 timars køyretur frå Houston.
Det var mykje flotte blomar å sjå langs vegkanten. Det er vår her og.
Ungane er veldig førnøgde med bilen vi brukar. Den har nemleg innebygde DVD spelarar i taket.
Ja, vi køyrer nok litt meir standsmessig her enn vi har gjort heime dei siste åra....
SEA WORLD
Sea World i San Antonio var ein flott park med mykje kjekt å være med på.
Spekkhoggarshow og andre show imponerte både store og små.
Lurt å ikkje setje seg for langt framme, for der vart det skikkeleg spruting. Det synes David og Jakob såg så gøy ut at dei satt seg lenger fram, og jammen vart dei godt våte.
4D filmen var litt skummel, men veldig spanande, og jammen varrt vi våte her og.
Denne berg og dal bana tok David, Anna og Oddbjørn. Jakob var for liten. Den var visst kjempegøy, men ingen ville ta den ein gong til.....
Etter raftingtur nr 2 var alle kliss gjennomvåte. Jakob og David var veldig fornøgde med at dei havna under fossen!
Søndagen brukte vi Downtown i San Antonio. Der gjekk vi langs kanalane, kjempekoseleg. USA sitt svar på Venezia kanskje.
Det var skikkeleg varmt, så ein ispause måtte til!
Åååå, me er to stk her på Ostereidet som unner og misunner deko den opplevinga der! Åååå.. gubben set med USA-kartboka i hendene kvar kveld :) dream on, seier eg :)tjihi..
SvarSlettVeldig kjekt å lese bloggen dekas, så kjekt at de vil dele litt av kvardagen med oss nysgjerrige! Kjekt å høyre at ting går bra, og som regel vert jo jobbar og skulegang berre betre og betre etter kvart som ein kjem inn i det. Så dette lyder jo godt! Kosa deko alle mann alle!!
Fin blogg. Bra at dei har is i Houston og Jakob. I helga var det ein heil gjeng som budde i Naustdalen. Dei hadde det veldig fint der og takkar for lånet av huset. No har me og laga oss blogg. Der er det bilder frå Bjørnar sin konfirmasjon.
SvarSlettHelsing Sæle på Storneset