søndag 13. mai 2012


HIPP HIPP HURRA!

NASJONALSAGSFEIRING OG MORSDAG, SØNDAG 13.MAI.

Den store nasjonaldagsfeiringa vart i år lagt til søndag 13.mai. Dette av praktiske årsaker som at folk i dag har hatt fri både på jobb og skule. Det har dei ikkje på torsdag 17.mai. Då skal vi ha eit ettermiddag/kveldsarrangement her på kyrkja med rømmegraut, kaker og div program.
Men i dag starta dagen kl.07.00 med pynting av 5 store langpannebløtkaker. Dei vart sjølvsagt pynta i dei norske fargane. Oddbjørn og ungane  var og ute og jobba.


Kl.09.00 var det felles flaggheis og "Ja vi elsker" for alle som bur på tunet vårt.


Alfred, Sindre, David og Jakob fekk heise flagg.


Så då vaia tre splitter nye norske flagg (dei gamle var vel heller i pastellfargar), det amerikanske flagget og flagget for Texas.


Anna foran portalen som ynskjer alle velkomne til 17.mai feiring i Houston.


Heile 3 ulike hoppeslott skulle prøvast ut før alle folka kom. David i full fart.


Jakob på toppen av sklia.


Og Anna hjelper meg på kjøkkenet. Det skal ganske mange norske winerpølser til når 800 menneske skal ha mat! 


Her lærer Terje opp Oddbjørn og Anna i korleis Slush-maskina og Softis-maskina virker.




 Kl.14 er det klart for fest og feiring på sjømannskyrkja.


Storste delen av dagen var eg på kjøkkenet. Litt som skal holdes styr på når 800 skal ha varme pølser og kaker til alle skal setjast fram. Heldigvis hadde eg mange gode hjelparar som jobba på i timevis. Det gjekk kjempefint sjølv om eg ikkje alltid visste kva eg skulle svare når når folk lurte på ting. Men folk var så førnøgde, glade og hjelpsomme. Veldig kjekt!


Vi starta med gudsteneste ute. Ganske varmt for dei som gjekk med bunad når gradestokken kraup opp mot 30 grader.


Og så var det flott sang av barnekoret Vill vest. Anna er med og syng. Dei var kjempeflinke!
 Gutane datt av underveis. Etter første øving kom David heim og sa; no har eg bestemt meg, eg skal aldri meir synge i kor. Vi får sjå kor lenge det varer. Han har jo slutta i kor fleire gonger før...  
Og Jakob gjekk på hodet ned ei lita trapp på andre øving, så då var visst hans karriere over og..


Så var det tid for å gå i tog, med politi-eksorte. Dei køyrde foran toget, med ein politibil og to politi motorsyklar. Artig å tenke på at 17.mai toget i Houston er det mykje lenger enn det vi har på Leiknes. 



Anna klar til å gå i tog.


Jakob og David.


Anna saman med si nye venninne Christine. 


Og så var det tid for leikar og aktivitetar. 


Fiskedam.


Fotballskyting.


Potetløp.


Svampekast på presten, og mykje meir!


Og kanskje det beste av alt; spise så mykje softis og slush du bare orkar. Ingenting kosta pengar i dag, veldig lettvint. Alle kunne forsynte seg med brus og anna drikke  så mykje dei berre orka. Alle betalt ein inngangsbilett, og så var alt gratis heile dagen. 
Når arrangementet var slutt og oppryddinga igang, fekk alle ungane våre bade i bassenget. Dei var ganske oppheita etter ein aktiv og veldig kjekk dag. Alle var fornøgde med vår første 17.mai i Amerika.

Morsdag!
2.søndag i mai er det morsdag her. Og det er ganske stort og omstendelig her borte. Eg får jo både i pose og sekk i år! Ungane hadde laga mykje flott på skulen som dei hadde gøymd godt for meg. Og sidan eg forlot huset i dag tidleg før dai vakna fekk eg alle gåvene og korta i kveld. 
Tusen takk gullungane mine!



1 kommentar:

  1. Hipp hipp og gratulerer med dagen. Ser ut som dere har hatt en fin feiring :) Kjekt å se oppdateringer fra livet der borte.

    SvarSlett