lørdag 19. mai 2012

David og Jakob på Mutton Bustin

(Sauerodeo)

David bloggar!
Når vi var på jordbærfestivalen fek vi og lov til å prøve å ri på sauar. Eg og Jakob fekk lov til å prøve. Vi mått veie under 60 pund, og det gjekk akkurat for meg. Anna hadde ikkje lyst. 
Vi fekk nummer på ryggen og og stilte opp saman med dei andre som skulle delta, Pappa var med oss. Det var mange sauar innanfor eit gjerde. Mamma og Anna satt og såg på.
Først var det ein liten gut, han datt av nesten med ein gong.
Så var det min tur.
Dei løfta meg opp på ein sau som var bak ein innhengning, så åpna dei porten og sauen sprang ut på bana.  


Eg tenkte at eg måtte lima meg til sauen, eg holdt armane rundt halsen på han og kneip fast med beina.
Sauen sprang ein runde, men eg datt ikkje av! Eg klarte å holde meg fast heilt til han sprang tilbake og vart fanga av cowboyane.

Sauen var mjuk og god, men han stinka...
Eg fekk 99 poeng, og vann! 


Jakob var og kjempeflink, han holdt seg fast så godt han kunne. Sauen var så vill at han heiv Jakob av, men han kom på tredje plass. Det er veldig bra for Jakob er egentlig veldig redd for sauar. I sommar gøymde han seg kvar gong han såg eller hørte ein sau.



Jakob stupte kråke baklengs når han datt av og alle klappa og jubla.


Vi fekk begge premie, eit flott trofè. Eg fekk cap's med "Champion Mutton Buster" på, og ei t-skjorte.



Dette var kjempegøy!
Håpar eg får prøve dette fleire gonger, men eg blir kanskje for tung snart.
Vil de sjå det på film klikk på linkane under.




David på rodeo
http://www.youtube.com/watch?v=TtqL0xS9I7w

Jakob på rodeo
http://www.youtube.com/watch?v=2tRQ2JBjVhY


1 kommentar:

  1. Haha!! Ler meg i hjel!! Dødsbra med rodeo-riding på sau! Trur dette må vere noko for oss i Osterfjorden! Skal høyre med bror min :)
    Men tøffe guttar du har. Eg er veeeldig imponert! Koser meg med bloggen dekas. 17. mai feiring såg flott ut. Dyktig pølsemakar på kjøkkenet såg eg. Her var det kaaaldt og regn. Bomba!
    Kos deko vidare. Ann Kathrin

    SvarSlett