søndag 3. februar 2013




MARDI GRAS I GALVESTON

No er det karnevalstid og Mardi Gras i mange byar. New Orleans er nok den byen som er mest kjent for sitt Mardi Gras og alle paradene. Men i Galvestone, under ein time frå huset vårt er det og Mardi Gras og mange festligheter dei to første vekene i februar. Mardi Gras tyder eigentleg "Feite tirsdag", men karnevalet starter eit par veker før. Opprinneleg har feiringa sine røtter i den katolske feiringa av fasten.

Vi hadde fri i helga og hadde derfor lyst til å ta turen for å sjå kva dette var. Vi reiste lørdag ettermiddag. Først måtte Anna og David få unna nokre basketballkamper og Jakob skulle i eit bursdagsbesøk. Oddbjørn var med på basket og eg køyrde Jakob i bursdag. Etter å ha  køyrd litt feil og rota ein del, seier Jakob: Mamma, når Pappa køyrer meg i bursdag pleier vi å være ein av dei første, men når du køyrer meg kjem vi alltid for seint. Vel, eg og GPS'en er ikkje verdens beste vener... Men vi kom fram til slutt og han hadde det kjempegøy.



"Throw me something, mister!" 

Eit av høgdepunkta under Mardi Gras er å samle perlekjeder. Det blir kasta tusenvis, ja 3 millionar perlekjeder i løpet av karnevalet i Galveston. Dei blir kasta frå balkongar og dei pynta flåtene i paradene. 





Førstemann til mølla!

Det er stor kamp om perlene, frå både barn og voksne.



                                        Purple for justice, green for faith and gold for power.





Ein fornøgd gjeng med dagens første fangst.

 Søndag var det FAMILY GRAS og veldedighetsløp. Startavgifta i løpet gjekk til to ulike organisasjonar som jobbar med sjuke barn. Eit sjukehus og ein organisasjon som jobbar med å tilrettelegge aktivitetar for kreftsjuke barn. 


Og jammen traff vi eit par koselige nordmenn som bur i Galvestone.


 Etter løpet var det godt med litt is.


Og eit lite kalkunlår til lunsj!





 Så var det tid for paradene. mange flotte pynta bilar /flåter.
 Ombord står det folk og kaster ut perler, og publikum tar imot det dei får.















Ein fornøgd gjeng med fangsten i baksetet!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar