CAMPING I HUNTSVILLE STATEPARK!
Etter jobb på fredag ettermiddag fylte vi i bilen og reiste nordover til Huntsville. Vanlegvis tar turen ein og ein halv time, men vi havna i rushen og brukete over to timar. Då vi kom fram var det blitt mørkt.
Oddbjørn hadde funne ut at denne gongen skulle vi leige eit "Shelter" og så skulle vi sove i bilen.
Shelteret var eit "skur" med betonggolv, nettingveggar og tak. Det var og bord og benkar inne i shelteret. Vi hadde både straum, vatn, benkar ute og bålplass. Og ikkje minst stor boltreplass med skog og trær i massevis.
Så var det vare å fyre i bålet.
Og ja, eg har òg fått meg boots. Kan visst ikkje bu i Texas utan å eige eit par av desse!
For eit år sidan hadde eg ikkje trudd at eg nokon gong skulle kjøpe meg boots.
Og no må eg innrømme at eg likar dei godt....
Det ar faktisk litt kaldt første kvelden, så veldig deilig med bål.
Og natta skulle som sagt tilbringes i bilen. Heilt utruleg at det var god plass til alle.
Vel, all bagasjen og eit sete var vel plassert i shelteret.
Men først litt herjing med pappen, noko av det gøyaste som finns!
Anna, David og Jakob fekk plass i senga.
Ved å trykke på ein knapp blir baksetet omgjort til ei dobbelseng!
Og vi fekk plass på ei dobbel luftmadrass på golvet.
Eg må seie eg var positivt overraska!
Vi sov godt alle mann!
Neste morgon var vi på sykkeltur i parken. Fantastisk å sykle rundt i skogen på flotte stiar.
Det vi ikkje visste var at det var maraton i skogen denne dagen, men det var plass til oss alle!
Tilbake på leirplassen hadde vi fått besøk av våre gode venner og kollega, Fredrik, Thea og Alfred.
Då vart det sjølvsagt endå gøyare.
Og Jakob, som hadde ei laus tann, gløymde seg litt. Han beit seg fast i eit tau, og vips så var tanna ute!
Litt gøy og!
Forrige tann han mista, ja det var midt under forestillinga "Disney on Ice".
Mykje morro med slakk line, tau og slengdisser!
VALENTINE!
Ja no nærmar Valentine's Day seg med raske skritt.
å det er berre å setje i gong med førebuingane. Det er vanleg at ein skriv kort og gjev ei lita gåve til alle i klassen. Litt av ein jobb. Heldigvis er det relativt små klassar på skulen der ungane går.
Og så må alle pynte ei øskje kvar. Den skal dei ha med seg på skulen og ha alle korta dei får oppi. Litt jobb til heimen òg kan du seie.
David
Jakob
Anna
Litt av produksjonen!
Og ein gåvepose til alle. Den kan innehalde litt forskjellig. Vi har kjøpt litt blyantar og figurviskelær. Og så er det litt snop i "valentine utgåver". Hjertekjærligheter "kisses"-sjokolade og "Lovehearts". Butikkane er fulle av all slags utstyr du kan tenke deg i rødt og rosa og med hjerter i alle fasonger.
Det er jo litt koseleg og. Og veldig greit når vi får lapp med heim frå skulen om kva vi skal gjere og kven dei ulike skal skrive kort til. Vi har enno ikkje vore her eit år, så det er framleis mange nye ting som vi må lære.
GOOD MOM!
Her er julegåva frå Anna til meg.
Vi får håpe at det er sant!
I kveld sa Oddbjørn til meg ;"You're really a good Mom!" Takk tenkte eg, han er litt imponert no over heile dette Valentine prosjektet eg har klart å få ungane i gang med. Fleire dagar før tida!
Men nei du, det var visst dei klissete golva han tenkte på......
Trøsten min får være at golvvask, det har blitt Oddbjørns prosjekt etter at vi flytta bort hit. Og det pleier å være ganske bra.....
Så i morgon blir det visst husvask!
FASTELAVN
Då vi kom heim måtte vi jo markere at det var fastelavns søndag. Så då vart det bollar med krem!
Og varm sjokolade med krem!
Morsdag har eg fått beskjed om at vi feirer i mai!
Men ein telefon til dei flotte mødrene våre i Norge, ja det har vi fått til i dag!
CHAPEL
Kvar torsdag er det "Chapel-day" på skulen. Då må elevane ha Chapel uniformen sin på seg. Om morgonen har dei ei felles samling der dei ulike klassane har ansvar. Denne torsdagen var det Anna sin klasse som hadde opplegget. Så då blir vi foreldre invitert til å være med og sjå på.
Dei song fleire sonar med bevegelsar og dei hadde eit skuespill som illustrerte dagens tema.
Dei blir rikeleg utfordra og lærer mykje om det å opptre og framføre.
Flinke er dei!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar