tirsdag 12. juni 2012


KEMAH BOARDWALK

På fredag pakka vi kjølebagen med snacs og drikke, tok med badeklede og rikeleg med solkrem.
Så reiste vi alle frå Sjømannskyrkja til Kemah Boardwalk, som er ein koseleg fornøyelsespark, for å ha ein kjekk dag ilag. Vi ville ta skikkeleg avskjed med familien Aadland-Tappel som no har avslutta 5 år i Houston.


Etter å ha utforskra området litt og prøvd nokre karuseller var det tid for litt snacks og drikke. Det var utruleg varmt, men det skal visst bli mykje varmare dei neste månadene...


Her sit vi i toget som tok oss med rundt på heile det store området.


Det var mange gøye karusellar, nokre litt for gøye for nokre av oss...



Anna var tøff nok til å ta denne som løfta ho høgt opp og så var det fritt fall ned igjen.


Jammen var du tøff!


Heile gjengen samla rundt bordet.


God tur tilbake til Norge Eirik og Kari. Lykke til som prestefolk på Stord.
Vi kjem til å sakne dykk, både store og små. De har vore med å gjort den første tida vår i Houston kjempefin. Vi har fått masse gode råd og tips og ungane har alltid hatt leikekamerater. 
Det var unektelig litt tomt her i går ettermiddag når de var reist....


Sindre.


Sunniva.


Hanna.


GOD TUR OG LYKKE TIL!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar