lørdag 2. juni 2012

CORPUS CHRISTI

CAMPINGLIV - SKILPADDESLEPP -USS LEXINGTON

Vi hadde bestemt oss for å å ta ei veke ferie her i Texas før vi reiser til Norge på sommarferie. Vi køyrde sørover til ein by som heiter Corpus Christi og ligg ved Mexicogulfen. Der er det mange fine strender som ein kan køyre på i milevis om ein har firhjulstrekker. Nokre dagar før viskulle reise lanserte Oddbjørn ideen om å ligge i telt på / ved stranda. Eg var skeptisk, og det var vel igrunnen dei fleste andre vi snakka med òg. For det første er det veldig varmt, langt over 30 grader og steikande sol heile dagen. Andre ting vi vart advart mot var coyote (prærieulv), rattlesnakes (klapperslanger), fireants (maur) og mosquitos.
Med døgnåpne butikkar kan mykje ordnast. Ein kveld, rundt midnatt fòr Oddbjørn ut og kjøpte telt, luftmadrasser og nokre teppeposar. Så var vi klare for tur!
Første stopp var Mustang Island State Park på Padre Island ved Corpus Christi.


Ein fornøgd Oddbjørn har fått opp teltet. Eit stort og fint telt med mykje luftemuligheter.
Det var veldig varmt om dagen, 33-34 grader, men då var vi jo på stranda eller på tur. Om kvelden og natta var det svalt og godt, bare 25 grader! Etterkvart tok vi av topptrekket og kunne ligge å sjå rett opp på månen og stjernene.


Jakob hadde fast jobb å pumpe opp luftmadrassene. Det vart varmt syntes han!


Og ja, vi vart advart mot slangar nok ein gong. Bruk lommelykt og tramp hardt i bakken.....


Neste stopp var Padre Island National Seashore. Begge plasane var teltet like ved stranda. Vi kunne slå det opp på stranda om vi ville, men pga støyen frå bølgene la vi oss litt lenger oppe.




Flotte strender så langt auga kan sjå!


Nokre plasser var det ein del tang på stranda, det er visst slik det er i periodar.






Det beste av alt var dei store bølgene. Ungane leika i timesvis og surfa på bølgene.













SKILPADDESLEPP.


Vi fekk være med på årests første skilpaddeslepp på Padre Island.
Kvart år samlar dei inn hundrevis av skilpaddeegg som blir tatt med i rugekassar og klekka ut. Slik hjelper dei til med å halde bestanden på den utrydningstrua skilpaddearten oppe. Kl.06.30 om morgonen var vi på plass og fekk være med å setje ut 75 bittesmå skilpadder. 



Dei var utstyrt med nett slik at ikkje fuglane skulle ta dei små skilpaddene.


Klar - ferdig - gå!





Så var dei framme og symde ut i det store havet. Så kan vi bare håpe at nokre av dei små overlever og vender tilbake og legger nye egg på den same stranda som dei kom frå.


USS LEXINGTON


I Corpus Christi ligg hangarskipet USS Lexington. Skipet vart brukt under 2.verdskrig og var i drift heilt til 1991. No er det blitt museum og ligg altså i Corpus Christi.
Eit kjempeskip som hadde hatt 3500 mann ombord. Det var mange ulike kampfly oppå båten. I båten var det og sjukehus, tannklinikk, barbersalong og mykje anna.









Skipsfengselet!




 

Og så var det å setje nasen heimover. Ikkje akkurat vestlandsvegar....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar