fredag 2. august 2013





Bestemor og Oldemor Matilde


I dag fekk vi den triste meldinga om at Bestemor til Oddbjørn og Oldemor til barna sovna stille inn. 
Maltilde var ei flott dame som satte mange spor etter seg. 
21.juni fekk vi være med å feire 98 års dagen hennar!


Matilde fødte 11 barn og i tillegg hadde ho ein fosterson.
Ho fekk 37 barnebarn.
Talet på oldebarn nærmar seg no 60!




Det kjekkaste Oldemor visste var når barnebarn og oldebarn sang for henne. Her er eit lite knippe oldebarn på 98 årsdagen.



Veggane i den vesle stova til Oldemor var dekt med bilder av barn, barnebarn og oldebarn. 
Regelen vart etterkvart at det var ikkje lov, eller iallefall ikkje så lurt å gje store bilder til oldemor. For ho skulle jo ha plass til alle.




Når Oddbjørn kom innom ba ho ofte om ein ekstra klem. Ho likte så godt dei ubarberte kjakane hans, og strauk han godt over kinnet. Besten på Mundal var nok ikkje alltid nybarbert han heller.



I 2008 var ho på skuleplassen på Leiknes og feira 17.mai. Så lenge ho klarte det, likte ho å være med der det var liv og røre.














 Fred over Oldemor sitt minne.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar